Nortura kallar tilbake biffstrimlar etter pillefunn

Nortura tilbakekallar Rema 1000 Biffstrimler av storfe mørbrad med følgande LOT-kode: 9263. Dette gjeld produkt med haldbarheitsdatoen 14. juli 2019.

Nortura tilbakekallar Rema 1000 Biffstrimler av storfe mørbrad med følgande LOT-kode: 9263. Dette gjeld produkt med haldbarheitsdatoen 14. juli 2019. Foto:

Av

Nortura kallar tilbake eit parti med biffstrimlar produsert for Rema 1000 etter at det vart funnen ein tablett i ein av pakkane.

DEL

– Det er svært beklageleg at det er gjort funn av ein tablett i ein pakke biffstrimlar. Vi har strenge rutinar i produksjonen vår, og det er forbode å bringe medisinar inn i lokala, seier kommunikasjonsrådgivar Cornelia Koppang Henriksen i Nortura i ei pressemelding.

Det skal vere ein forbrukar som har funnen tabletten i pakken, skriv Nationen.

På baksida av kvar pakken er det ein LOT-kode, og i dette partiet er koden 9263, skriv Nortura. Siste bruksdatoen er 14. juli.

Artikkeltags