Forbrukarrådet: Kreftframkallande stoff i kjeks

Av
DEL

Forbrukarrådet har testa ei rekke mattypar for akrylamid, og opplyser at det er særleg kjeks som kjem dårleg ut av studien.

Over halvparten av kjeksa som vart målte, har verdiar som ligg over EUs rettleiande referanseverdiar for barn og spedbarn, som er 150 mikrogram per kilo. I testen er det Tom & Jerry Fullkorn, vanleg Tom & Jerry, Mariekjeks og Bixit som kjem aller dårlegast ut, i tillegg til saltkjeksen Salinas.

Fagdirektør Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet seier funna er alvorlege.

– Barn er meir utsette på grunn av den låge kroppsvekta si. Vi håpar produsentane tar grep og får desse nivåa ned, seier han.

Forbrukarrådet har målt kjeksen mot verdiane for barn fordi eit fleirtal av kjekstypane i testen er retta mot denne gruppa. Rettleiande verdiar for vaksne er 350 mikrogram per kilo.

Anders Högberg, fagsjef for ernæring og helse i Orkla, produsenten bak ti av dei tolv produkta i testen, er ikkje fornøgd med resultata.

Han seier til Dagbladet at dei har halde seg til grensa for vaksne sidan kjeksen ikkje går inn under barnematprodukt, men seier at dei er opptatt av å ha så låge nivå som mogleg i alle produkt.

Også Gjende Eventyrkjeks og Bokstavkjeks kjem dårleg ut av testen. Den einaste kjeksen som får toppscore er Minikex med fullkorn frå produsenten Hipp.

Artikkeltags