Coop kallar tilbake kjøtt- og karbonadedeig etter salmonella-mistanke

Av

Coop kallar tilbake kjøtt- og karbonadedeig av merket Coop som er produsert av Fatland Ølen etter salmonella-mistanke.

DEL

Ein rutinekontroll har avdekt mistanke om salmonella i ein av kjøttdeigane til matvarekjeda.

– Prøven er enno ikkje stadfesta positiv, men vi vel å trekke alle produkta produsert same dag av «føre var»-prinsippet til endeleg svar finst, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Noreg.

Han opplyser at det ikkje medfører helsefare å ete produkta så lenge dei er varmebehandla.

Kjeda oppmodar kundar som har kjøpt dei aktuelle produkta til å levere dei tilbake til butikken.

Produkta det gjeld er produsert 19. august 2019, og omfattar:

Coop Karbonadedeig 400 g, haldbar til 06.09.2019

Coop Kjøttdeig 400 g, haldbar til 06.09.2019

Coop Svin Kjøttdeig 400 g, haldbar til 02.09.2019

Coop Svin Karbonadedeig 400 g, haldbar til 02.09.2019

Coop Kjøttdeig storfe og svin 17 %, haldbar til 02.09.2019

Coop Lam kjøttdeig, haldbar til 02.09.2019

Artikkeltags