To arresterte etter dødsulykke

DØDSULYKKE: Ein syklist i 40-åra omkom 16. mai i Stordalen i Masfjorden.

DØDSULYKKE: Ein syklist i 40-åra omkom 16. mai i Stordalen i Masfjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MASFJORDEN: To personar er arresterte i samband med dødsulykka i Stordalen natt til onsdag.

DEL

Politiet fekk melding ved 01-tida om natta om at ein mann med sykkel var funne langs vegen i Stordalen i Masfjorden.

Lensmann Kjell Idar Vangberg opplyste at sykkelen vart funne i vegen, og den omkomne, som er ein mann i 40-åra, vart funne død i grøfta.

– Han vart funne av ein forbipasserande bilist, og var truleg på veg ned frå Stordalen, opplyste Vangberg til BA.

Nye opplysningar

Politiet etterforska dette først som ei ulykke, men dei siste dagane er det komme fram nye opplysningar som gjer at politiet valde å gå til arrestasjon av to personar.

Politiet set ei kriminell handling i samband med saka, men er førebels taus om siktinga.

– Dei er ikkje sikta for drap.

Det er det einaste politiadvokat Kjetil Tomren svarar når BA ber om kommentar til den dramatiske vendinga av sykkelulykka på den aude og lite trafikkerte strekninga i Masfjorden natt til onsdag.

– Dei er sikta for å ha sett eller å ha forlate nokon i hjelpelaus tilstand, opplyser politiadvokat Kjetil Linge Tomren ved Vest politidistrikt til BT fredag.

BT skriv vidare at dei sikta er unge og hadde opphalde seg i området. BT skriv dei er kjend med at dei sikta skal ha køyrd opp Stordalen og passert staden der syklisten vart funne. Dei skal så ha komme tilbake og ha varsla naudetatane, skriv BT.

Bakgrunn: Stordalen: Mann omkom i sykkelulykke

Ber om varetekt

I dei første nyheitsmeldingane opplyste politiet at ingenting tyda på at dette var ei påkøyrsel. «Mannen har falle på sykkelen. Årsaka til at det har skjedd, veit vi ikkje», sa lensmannen til avisa.

I politiavhøyr sidan onsdag er det komme fram nye opplysningar, og etter det BA forstår er det tilhøve rundt forklaringane til dei sikta som er bakgrunnen til pågripingane.

Lensmann Vangberg var fredag føremiddag ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Det er venta at politiet vil kommentere saka seinare fredag når dei sikta vert framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett.

Artikkeltags