Politiet lauslèt to menn etter dødsulykke

SMALT: Vegen er smal og svingete på staden.

SMALT: Vegen er smal og svingete på staden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MASFJORDEN: Politiet gjorde plutseleg kuvending og lauslét fredag ettermiddag dei to mennene i byrjinga av 20-årene som blei arrestert i forbindelse med dødsulykka i Stordalen natt til 16. mai.

DEL

Politiet fekk melding ved 01-tida natt til onsdag om at ein syklist var funnen omkommen langs vegen i Stordalen i Masfjorden. To personar blei arrestert i samband med dødsfallet. Dei blei framstilt for fengsling i Bergen tingrett fredag føremiddag. Men før dommaren hadde skrive ferdig rettsavgjerda, bestemte politiet å lauslate dei.

Etter det BA får opplyst skal det dreie seg om nye mobildataopplysningar om kvar dei sikta heldt til denne natta, og som styrkar deira forklaringar.

– Mistanken mot dei to er vesentleg svekt, bekreftar politiadvokat Kjetil Tomren overfor BA.

Funnen død i grøfta

Politiet sin teori var at bilen dei sat i køyrde på syklisten og at dei forlét han i hjelpelaus tilstand, for så fleire timar seinare å melde frå om hendinga, visstnok som tilfeldig forbipasserande.

Lensmann Vangberg opplyste at sykkelen blei funnen i vegen, og den omkomne, som er ein mann i 40-åra, blei funnen død i grøfta.

– Han blei funnen av ein forbipasserande bilist, og var truleg på veg ned frå Stordalen, opplyste Vangberg.

Politiet har sikta dei to for «hensettelse eller å forlate en person i hjelpeløs tilstand».

Siktinga blei tatt ut på grunnlag av forklaringane frå dei sikta, vitneforklaringar og tekniske funn.

 

Mistanken svekt

Strafferamma er inntil tre års fengsel.

Politiet held fram med å etterforske saka for å avklare hendingsgangen for ulykka, både med omsyn til om nokon kan bli klandra for ulykka og at ulykka har naturlege årsaker.

– Det er på det noverande tidspunkt ikkje andre mistenkte i saka, opplyser Tomren.

Dei som er sikta vil behalde denne statusen, trass i den svekte mistanken, til saka er ferdig etterforska, opplyser politiadvokaten.

Begge mennene er svært fornøgde med at politiet trakk fengslingsoppmodinga.

– Min klient er glad og letta, seier forsvarer Steinar M. Andersen som forsvarer den eine av mennene, som no kan feire pinsen i fridom.

Artikkeltags