I 1955 starta Fylkesbaatane (seinare Fjord1) det første ferjesambandet over Sognefjorden frå Lavik.

I kveld klokka 20:00 går Fjord1-ferja MF Lifjord sin siste tur frå Oppedal i Gulen kommune til Lavik i Høyanger kommune, og med det er ein 60 års samanhengande samferdsleepoke over.

Norled tek over

1. januar tek det konkurrerande reiarlaget Norled over det sterkt trafikkerte E39-sambandet.

Nesten alle Fjord1-tilsette har takka ja til jobb i Norled på same samband, men ikkje alle forlèt sin gamle arbeidsgjevar med lett hjarte.

Blanda kjensler

Kaptein Jan-Gunnar Rysjedal frå Leirvik i Hyllestad skal over på den nye katamaranferja MF Stavanger.

– Eg lyt vedgå det er med blanda kjensler eg no forlèt ein arbeidsgjevar som eg har hatt sidan eg byrja i Fylkesbaatane 28. mai 1979. Det er litt vemodig, seier Rysjedal til Firda.

Men både han og mannskapet vil brette opp ermene og ta til i Norled med friskt mot.

Sabla god kapasitet

– Vår fremste oppgåve er å transportere dei vegfarande over Sognefjorden på ein trygg og god måte. Den jobben tek vi på største alvor same kva logo som står på arbeidskleda våre.

– Norled set inn tre ferjer som alle er større enn dei vi har i dag. Når batteriferja MF Ampere kjem i drift i løpet av januar, vert det avgangar kvart 20. minutt på dagtid. Det gjev ein sabla god kapasitet som truleg vil hindre at bilar må stå att på kaien.

Fram til MF Ampere kjem i drift vert det avgangar kvart 25. minutt.

Fire ferjer på topp

12 dagar i året – i samband med høghelger og andre store utfartsdagar – skal det gå fire ferjer på sambandet mellom Lavik og Oppedal. Det betyr avgangar kvart 15. minutt.

– I tillegg er dei nye ferjene bygde slik at både lossing og lasting av køyrety vil gå mykje smidigare enn kva tilfellet kan vere i dag. Så med ny ferjekai og oppstillingsplass vil kvardagen bli mykje betre for både dei vegfarande og for oss som er mannskap, slår Rysjedal fast.

 

Anbod øydelegg og skaper uvisse

Matros Leiv Morten Nordgulen blir med kaptein Jan-Gunnar Rysjedal over til katamaranferja MF Stavanger. Nordgulen tykkjer òg det er vemodig å forlate selskapet han har jobba i i 20 år.

– Samfunnet har endra seg veldig sidan eg byrja. Mykje er blitt meir upersonleg, og det gjeld òg i ferjebransjen. No skal eg over i Norled som har kontrakt på å drifte sambandet Lavil-Oppedal i 10 år. Kva skjer etterpå? spør Nordgulen som meiner at ved stadig byte og omskifte vert tilhøyrigheita av oppdragsgjevar svekt.

Gler seg til jobb på flott ferje

Nordgulen meiner at når jaget etter inntening og avkasting styrer alt, kan ein få ei kjensle av ikkje å bli lytta til og verdsett. Han innser at anbodssystemet er kome for å bli, men spør seg om det på enkelte område kan ha gått for langt.

– No gler eg meg til å jobbe på ei flott ferje hjå ein ny arbeidsgjevar. Og så skal det bli spennande å sjå korleis den elektriske ferja Ampere fungerer når ho kjem i drift, seier Nordgulen og smiler.