P3-Ronny sprang halv-maraton på under tre timar

Artikkelen er over 1 år gammel

OSLO/FØRDE: – Eg er så stolt at eg held på å sprekke!

DEL

Slik skildrar Ronny Brede Aase prestasjonen på Instagram-kontoen sin.

Laurdag fullførte han Oslo maraton på to timar og 49 minutt. Målet var å fullføre halv-maraton innanfor makstida på tre timar og 30 minutt.

For eitt år sidan melde den populære programleiaren seg på maratonet i høve P3-aksjonen på NRK. Då donerte Oslo maraton påmeldingsavgifta for 300 deltakarar til aksjonen, og til gjengjeld skulle programleiaren springe maratonen i år.

To veker før start fortalde Brede Aase til Firda at han var veldig nervøs.

– Eg kjenner eit personleg behov for å få det til og vise at eg kan viss eg vil, sa han då.

I sommar førebudde han seg ved å mellom anna gå bystien i Førde to gongar i veka.

– Eg brukte gjerne halvannan time opp, og det var blytungt, men det var ei digg form for trening.

På spørsmål om kva det første han kom til å gjere etter han kom i mål, svarte han følgjande:

– Øl. Det blir rett på pub når eg er ferdig. Det er berre greitt.

Det har ikkje lukkast Firda å kome i kontakt med Brede Aase etter løpet.

Sjå tidene til Ronny under:

Punkt    Samla   Split  min/km
5 km 37:48 37:48 7:34
10 km 1:15:46 37:59 7:36
15 km 1:55:51 40:06 8:02
20 km 2:40:52 45:01 9:01
21,1 km 2:49:11 8:19 7:35

Artikkeltags