Trailer velta på Måløybrua – for sterk vind til å berge den

VELTA: Ein semitrailer lasta med blomar som var under slep av bergingsbil velta tysdag ca. klokka 13.55 på Måløybrua.

VELTA: Ein semitrailer lasta med blomar som var under slep av bergingsbil velta tysdag ca. klokka 13.55 på Måløybrua. Foto:

Ingen har kome til skade, opplyser politiet.

DEL

Klokka 13.55 fekk Vegtrafikksentralen melding om ein semitrailer som hadde velta på Måløybrua. Alle naudetatane var på staden om lag klokka 14.00.

– Siste melding frå politipatruljen på staden er at det blæs så kraftig at det er umogleg å sette i gang ein bergingsaksjon. Det må utsettast inntil vêret tillèt det, fortalde operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt tidlegare tysdag ettermiddag.

Han fortel at sjåføren er uskadd, og at det er ikkje farleg gods i traileren. Den er lasta med blomar.

Traileren var under slep av ein bergingsbil over Måløybrua, då den velta. Kvifor den var under slep i utgangspunktet, har ikkje politiet fått opplysningar om.

Brua vart stengd, men like over klokka 18.00 melde politiet at det var manuell dirigering.

– Lastebilen ligg inn mot rekkverket og sperrar delar av vegen. Å sende bergingsbil utpå der i denne vinden er ikkje forsvarleg, seier Hanne Nordheim, trafikkoperatør i Statens vegvesen

I ei pressemelding skriv politiet at årsaka til at lastebilen velta er ukjent, men at det var sterk vind på brua på tidspunktet.

– Vi er framleis på staden og driv manuell dirigering. Eitt felt er stengt grunna den velta lastebilen. Det er også såpass sterk vind at kvart enkelt køyretøy må vurderast om det er sikkert å køyre over, melde politiet klokka 18.20 tysdag.

Klokka 22.00 opplyser politiet at lastebilen ikkje blir berga i natt grunna vêrforholda. Ny vurdering blir tatt onsdag morgon.

Trailer Måløy

Trailer Måløy Foto:

Artikkeltags