Bortviste frå folkefest. Fare for seg sjølv og andre

Kombinasjonen alkohol og bråk førte til at fleire personar vart viste bort frå Måløydagane – i natt.

DEL

– Patruljen i Måløy melder at fleire personar vart viste bort frå sentrum i går kveld og i natt, i samband med Måløydagane, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Det er oftast kombinasjonen rus og ordensforstyrring som gjer at politiet tek hand om situasjonen.

I dei fleste tilfelle vert potensielle urostiftarar og bråkmakarar køyrde heim.

– Først og fremst for deira eigen og andre sin tryggleik, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags