To artistar klare for Malakoff

KLAR: Dagny er klar for Malakoff neste år.

KLAR: Dagny er klar for Malakoff neste år. Foto:

Dagny blir å sjå på festivalscena i Norfjordeid neste år .

DEL

– Det første sleppet signaliserer at vi ønsker å booke mykje spennande rock, samtidig som vi plukkar opp det beste frå andre sjangrar., seier festivalsjefen Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Der vert det offentleggjort at Dagny er ein av to artistar som no er booka til Malakoff-festivalen neste år. Neste års festival blir arrangert frå 16. – 18. juli.

Dagny er ein av landets råaste og mest spennande liveartistar/låtskrivarar, og ho vil i løpet av kort tid kome med flunkande ny musikk, skriv Naustdal.

Den andre artisten som er klar for Malakoff-scena er hardrock punk-bandet frå Nordfjord: Drittmaskin.

Drittmaskin leverer Nordfjordsk trash metal ispedd ein herleg dose hardcore punk. Også dei kjem med ny musikk i løp av året, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkeltags