Astrid S kjem til Malakoff

KJEM TIL MALAKOFF: Astrid S blir å sjå og høyre under neste års Malakoff festival.

KJEM TIL MALAKOFF: Astrid S blir å sjå og høyre under neste års Malakoff festival. Foto:

Festivalen på Nordfjordeid tar i mot Noregs store popdronning neste sommar.

DEL

– Vi er veldig spente kvar gong vi lanserer ein artist.

Det seier festivalsjefen for Malakoff rockefestival, Arnt-Ivar Naustdal. Onsdag føremiddag var det igjen duka for nytt artistslepp, nemleg Astrid S.

– Tilbakemeldingane har vore veldig gode frå publikum sidan vi annonserte at ho kom på sosiale medium, seier festivalsjefen.

Astrid S har jobba seg opp til å bli Noregs store popdronning etter at ho var med på Idol i 2013, der kom ho på 5.-plass. Ho har gitt ut fleire singlar som har fleire millionar streams, blant anna «Hurts so good», «Think before I talk» og «Such a Boy». I 2020 skal Astrid S ut på ein verdsturné der ho skal innom fleire land i Europa og statar i USA.

Vore i tankane før

Naustdal fortel at Astrid S har vore veldig ettertrakta blant festivalgjengaren til Malakoff.

– Ho er nok den som har vore mest etterspurt av alle artistane i pop-sjangeren, seier han.

Sjølv om songaren har vore i musikkbransjen i fleire år har det vore eit bevisst val for Naustdal å vente med å få ho på scena på Nordfjordeid.

– Vi har vore innom tanken fleire gongar før. Men vi valde rett og slett å vente til ho vart så pass stor til at ho kunne fylle storscena. Ho har no blitt ein artist som kan tømme heile campen for å fylle opp konsertarenaen med 12.000 festivalglade menneske, seier han.

6 av 35 klare

Når plakaten til Malakoff er ferdig skal den vere full av 35 artistar/band. No har festivalen annonsert seks, men Naustdal lover hyppige lanseringar.

– Kvar dag denne veka kjem det ein ny artist/band. I går lanserte vi Bo Kaspers Orkester, seier Naustdal.

I tillegg til Astrid S og Bo Kaspers Orkester er også desse klare for Malakoff 2020: The Hives, Nothing butt thieves, Dagny, Jackbow og Drittmaskin.

Artikkeltags