Sigrid til Malakoff

TIL MALAKOFF: Sigrid er klar for rockefestivalen på Eid. Ho har utselde konsertar verda over og neste sommar spelar på Malakoff.

TIL MALAKOFF: Sigrid er klar for rockefestivalen på Eid. Ho har utselde konsertar verda over og neste sommar spelar på Malakoff. Foto:

MUSIKK: Madrugada og Sigrid er dei to første namna som er klare for neste års rockefestival på Eid.

DEL

– Sigrid er kanskje den artisten vi har sett på konsert dei siste åra som har imponert oss mest. For eit rått naturtalent, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding som elles omtalar artisten som skamlaust rå, avslappa og makelaus.

Sigrid gjer det svært godt som artist. Ho har opp mot 400 millionar avspelingar på strøymetenester og held utselde konsertar verda over. Ho er utpeikt til den engelske statskanalen BBC Music sin pris for å vere lyden av 2018, og skal spele på Royal Varietyshow i London.

Sucker Punch

Festivalsjefen lokkar med «ein musikalsk maktdemonstrasjon frå eit enormt naturtalent».

– Her er det berre å begynne å glede seg, seier Naustdal i pressemeldinga.

Sigrid har hitar som Strangers, Don't Kill My Vibe, Plot Twist og Sucker Punch.

Comeback for Madrugada

Madrugada gjer comeback i samband med debutalbumet Industrial Silence sitt jubileum. Dei kjem til Malakoff for å feire suksessplata dei slapp for 20 år sidan.

Malakoff blir arrangert i juli på Nordfjordeid. Festivalen har dei tre siste åra vore utseld, og har hatt kring 25.000 besøkande fordelt over tre dagar.

Artikkeltags