Arian skal leie Luttprisen

p3-KJENDIS: Arianrhod Engebø.

p3-KJENDIS: Arianrhod Engebø. Foto:

Arianrhod Engebø (25) frå Førde skal leie årets store musikkfest i Sogn og Fjordane. Til Luttprisen på Larris Scene 18. januar kjem også artistar som Kjartan Lauritzen, Vilde og Anna, Vilnes, Sjur, Maren og Andrea Santiago.

DEL

– Eg gler meg vilt mykje! Det kjem ei heilt fantastisk flott blanding av etablerte og ferske artistar. Felles for dei alle er at dei har komme med veldig bra musikk i løpet av 2019 som har sett spor av seg både lokalt og internasjonalt.

Det seier Arianrhod som til vanleg er å høyre som programleiar for sitt eige program på NRK P3. Denne gongen er det ho som skal leie Luttprisen på Larris Scene. Ho seier at Luttprisen 2019 kjem til å bli ein festkveld der musikkåret i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn verkeleg skal bli feira.

Stort show

Ei lang rekkje artistar er no klare for musikkfesten. Dei unge rockarane i Jackbow frå Nordfjordeid er blant dei som kjem til å stå på scena under Luttprisen. Det gjer også Line Dybedal frå Selje, Sissel Marie frå Stryn, SOFIA og Matteus H frå Gloppen og Sindre Steig frå Luster.

– Eg trur aldri vi har hatt så mange forskjellige artistar på same Lutt-scena før. Det kjem til å bli eit krevjande, drivande, men fantastisk kjekt og til tider vakkert show.

Det seier Stian Sjursen Takle i NRK som skal vere produsent for musikkfesten. Scene, lyd og lysproduksjonen er det OnCue frå Høyanger som står for.

Direkte på radio og nett-tv

Det er NRK som arrangerer Luttprisen, saman med avisene Firda, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og Firda Tidend. Sjølve Luttprisen sender avisene direkte i sitt nett-tv, medan NRK sender den direkte på radio. Det er produksjonsgjengen i Rakkar som skal produsere showet for nett-tv.

– Håpet er at mange får med seg prisen både i salen, på radio eller i nett-tv. Vi håpar at det skal bli ein kveld som gir heider til musikarane i regionen vår, og som skal inspirere nye artistar til å satse, seier Sjursen Takle.

Det skal delast ut heile tre gjeve prisar i løpet av Luttprisen-showet. Då får vi vite kven som er årets artist, årets nykommar og årets Blest. Kvar av vinnarane får stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

Del av stor musikkfestival

Luttprisen er også denne gongen ein del av den store Blestfestivalen som inneheld ei mengd med småkonsertar og seminar i Førde 17-18. januar. Festivalen blir ein stor publikumsfestival for dei som er nysgjerrig på dei komande stjernene frå regionen.

På Blestfestivalen spelar mellom anna Gold Celeste, Maren, Siri Byrkjedal, White Man Dancing, Sissel Marie, I See Rivers, MayRahKee, Grand Alpaca, Du og eg og vi 2-3-4 og Datarock.

Nominerte til årets artist

Desse er nominert til Luttprisen, årets artist: Jackbow, Eva Weel Skram, Line Dybedal, Erlend Apneseth, Stockhaus, Kjartan Lauritzen, Karl Seglem, Sjur, Vilde og Anna, Martin Tungevaag, Sofia og Steinar Engelbrektson.

Desse er nominert til Luttprisen, årets nykommar: Vilnes, Vilde Torheim Skjerdal (MayRahKee), Matteus H, Sindre Steig, Sissel Marie, Lakeshouse, Andrea Santiago, Alice Hugøy, Selvik, Vêrfast, Grand Alpaca (Alexander Hoddevik) og Siri Byrkjedal.

Artikkeltags