Elv omringar hus – familie på fire evakuert med båt

LUSTER: Fortundalselvi har lagt eit heilt gardstun under vatn. Ein familie på fire er no redda ut.

DEL

Klokka 03.40 melde Vest politidistrikt at ein familie i på Fortun i Luster ikkje kom seg ut av huset fordi Fortunsdalelvi omringar huset deira.

Det vart sett i gong ein redningsaksjon og alle naudetatane jobba i mange timar for å hente familien ut i sikkerheit.

Klokka 08.32 melde politiet at alle fire var redda ut.

REDNINGSFARKOST: Båten som vart brukt til å redde ut familien.

REDNINGSFARKOST: Båten som vart brukt til å redde ut familien. Foto:

– Det var så sterk straum i elva at dei måtte feste båten med vaier i eit tre, seier Trettenes.

Naudetatane prøvde i natt å nærme seg huset i Fortunsdalen med ulike metodar som til dømes båt og traktor, før dei til slutt lukkast.

– Huset står godt, og det er ikkje fare for at det skal bli tatt av elva slik det er no. Men det er venta i ei auke i regnmengde utover dagen, så vi vil ha dei ut, sa operasjonsleiaren til Firda.

Helse, politi og brannvesen deltok i redningsarbeidet. Lokalbefolkning var også med, medan Hydro medverka med utstyr.

STRI STRAUM: Straumen gjekk stri over tunet.

STRI STRAUM: Straumen gjekk stri over tunet. Foto:

Trippelvarsling gjekk ut klokka 03.42 og brannvesenet var først av naudetatane på staden.

Elva omsluttar huset på begge sider, men Alarmsentralen har førebels ingen informasjon om kor høg vasstanden er.

– Å ta familien ut med båt mislukkast fordi straumen er så stri, seier Sørestrand.

Elva er venta å nærme seg ein topp klokka 07.00.

EVAKUERING: Fortundalselvi har gått over alle breidder søndag.

EVAKUERING: Fortundalselvi har gått over alle breidder søndag. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags