Sakna mann funnen i god behald etter leiteaksjon

LETEAKSJON: Det blir leita med store styrker etter den sakna mannen som ikkje kom som avtalt til Sognefjellshytta søndag kveld.

LETEAKSJON: Det blir leita med store styrker etter den sakna mannen som ikkje kom som avtalt til Sognefjellshytta søndag kveld. Foto:

Like før klokka 14.00 måndag vart den sakna 68-åringen funnen av leitemannskap.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det har i heile natt blitt leita etter ein sakna 68-åring. Mannen skulle gå frå Nørstedalsseter i Luster til Sognefjellshytta, som ligg på opplandssida av Sognfjellet. 68- åringen blei meldt sakna då han ikkje kom fram til avtalt tid 23.00 søndag kveld.

– Vi har søkt med frivillig mannskap både frå Lom og Luster i heile natt. Vêret i fjellet har vore utfordrande, med både sludd, regn, vind og skodde, seier operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt til Sogn Avis. 

Leiteaksjonen held fram utover dagen og blir koordinert av politiet i Sogn og Fjordane og Oppland.  

Operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt seier til Firda at mannskap frå sivilforsvaret og Røde Kors i Sogn og Fjordane deltek i leiteaksjonen.

Politiet i Innlandet melder at frivillige og redningshundar søker i og rundt merka sti på strekninga.

Helikoptersøket har blitt  innstilt i morgontimane på grunn av dårleg sikt.

Klokka 13.57 melde politiet i Innlandet at mannen var funnen, og at han var i god behald. Det blir samstundes meldt at det har vore om lag 50 personar involvert i leiteaksjonen, som alle har hatt dårlege vêrforhold under søket.

Artikkeltags