Traktor har krasja i garasjevegg

DEL

Vest politidistrikt melder at ein traktor har køyrt inn i ein garasjevegg i Marifjøra i Luster.

Traktorføraren er skadd, og naudetatar eg på veg, melder dei.

Til Sogn Avis seier politiet at ulykka var ei uhell.

– Føraren hoppa ut av traktoren. Han har smerter i skulder og overkropp. Helsepersonell seier han står fram som uskadd, bortsett frå smertene, seier Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til avisa.

Artikkeltags