To til legevakt etter trafikkulukke i Hafslo

Artikkelen er over 1 år gammel

LUSTER: Det melder Helse Førde klokka 12.14 søndag.

DEL

To personbilar med i alt seks personar støytte ved middagstider sundag saman ved Heggmyrane skisenter ved Hafslo i Luster kommune.

– Etter det eg får opplyst er det berre mindre skadar på to av dei i alt seks personane som var involverte i samanstøyten, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Florø.

Ifølgje Rysjedal skadane så små at dei aktuelle personane berre vert tekne med til legevakta for sjekk.

Den eine bilen skal vere så skadd at den truleg må hentast av bilbergar.

Vegen er open på ulukkestaden.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags