Ektepar måtte ha hjelp for å kome ned frå fjellet
Artikkelen er over 3 år gammel
LUSTER: Raude Kross vart i natt varsla då eit ektepar i 60-åra ikkje kom attende til avtalt tid.
Ekteparet hadde vore på tur ved Tundradalskyrkja i Luster, og hadde mørkna ute melder politiet i Sogn og Fjordane.
Dei sakna vart funne uskadde av hjelpemannskap frå Raude Kross.
Då det vart mørkt hadde ekteparet tenkt å overnatte ute, men dei ombestemte seg og følgde mannskapa fråRaude Kross ned att frå fjellet.