Bil har køyrt i grøfta på rv. 55 - store materielle skader

LUSTER: Det skal ikkje vere personskader etter utforkøyringa, ifølgje politiet.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt har fredag klokka 23.55 fått melding om ei utforkøyring på rv. 55 like ved ved Røneidtunnelen i Luster.

Ein bil har køyrt i grøfta, og det blir meldt om store materielle skader.

Politiet melder samstundes om at det ikkje er personskader i ulykka. Det skal vidare vere lite trafikk på staden, og bilbergar vart sendt til staden.

Det skal ikkje vere mistanke om køyring i rusa tilstand. Føraren av bilen opplyste til politiet at han vart blenda av ein møtande bil, og deretter køyrde i grøfta.

Artikkeltags