Fylkesveg 55 er opna igjen etter ulykke

DEL

Politiet melder klokka 14.43 at det har vore ei trafikkulykke på fylkesveg 55 på Fagerneset ved Gaupne i Luster kommune.

To bilar har kollidert. Det er tre personar involvert i ulykka, og ein sit fast, men har det greitt, melde politiet då.

Naudetatane er på veg til staden.

Statens vegvesen har sendt ut melding om at vegen er stengt.

Klokka 15.04 melder politiet at alle dei tre personane som var i ulykka har komme seg ut av bilane. Det er ikkje meldt om personskade

Klokka 16.00 melder politiet at personane i bilen framstår som uskadde. Fylkesveg 55 vart opna for fri ferdsel klokka 16.00

Artikkeltags