Bil og moped har krasja

DEL

Vest politidistrikt melder at det har vore eit samanstøyt mellom moped og bil i Lustravegen i Luster. Dei fekk melding om ulykka klokka 16.15.

Ulykka har skjedd i nærleiken av Råumtunnelen.

Politiet melder at mopedførar truleg har brot i ein fot. Naudetatane er klokka 16.30 på veg til ulykkesstaden.

Klokka 16.45 opplyser politiet at trafikken vert dirigert på staden.

Dei stadfestar at mopedførar har fått brot i ein fot, og at luftambulansen er på veg. Bergingsbil er også bestilt.

Det er framleis ukjent korleis ulykka har skjedd.

Artikkeltags