Bil køyrde i fjellveggen i Gaupne- fire personar frakta til legevakt

Det skal vere fire personar i bilen – alle har kome seg ut.

DEL

Naudetatane rykte laurdag ettermiddag ut til ei trafikkulykke på fv. 55 rett utanfor Gaupne i Sogn.

Ein bil hamna utfor fylkesveg 55 og køyrde rett i fjellveggen.

Naudetatane er på veg til staden, opplyser operasjonsleiar Dag Sætre i Vest politidistrikt til Firda like etter klokka 18.00.

Politiet fekk meldinga om ulykka like før.

– Ifølge meldaren er det fire personar i bilen og alle har kome seg ut, så ingen sit fastklemde etter ulykka.

Det skal vere store materielle skader på køyretøyet, men det kjem ingen røyk frå bilen, opplyser Sætre.

Politiet opplyser klokka 19.10 at alle folka i bilen er bevisste og er frakta til lokal legevakt for sjekk.

Trafikken går greitt forbi ulykkesstaden. Politiet har oppretta sak. Sjåføren må greie seg utan førarkortet enn så lenge, då politiet har teke det i beslag.

Artikkeltags