Stort steinras ned mot bustadfelt i Gaupne

Steinraset tok med seg fleire høgspentlinjer. Fleire mista straumen.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Raset har gått ved Røslebakkane i Gaupne i Luster kommune. Ein innbyggjar anslår raset til å vere mellom 50 og 60 meter breitt.

Ifølgje ordførar Ivar Kvalen ligg det ei grå støvsky over tettstaden.

– Det buldra og rista. Vi merka det veldig godt. Det har vore store krefter i sving, seier han til NRK.

– Vi fekk melding klokka 09.50 om at det hadde gått eit steinras. Det skal ikkje vere fare for bustadar, og ingen er tekne av raset. Dette er ein kjend stad der det har rasa før, og utifrå situasjonen har vi vurdert det slik at vi ikkje rykker ut, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.

Til Sogn Avis seier Ronny Melheim i Luster Energiverk rett før klokka 12.00 at straumen er tilbake i bygda.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags