Går ut med namnet på skiløpar som omkom i Hurrungane

OMKOM: Det var onsdag i førre veke at den tragiske ulykka skjedde i Hurrungane i Jotunheimen.

OMKOM: Det var onsdag i førre veke at den tragiske ulykka skjedde i Hurrungane i Jotunheimen. Foto:

Døydde etter at han fall ned skrent på 500 meter i Jotunheimen.

DEL

Ein skiløpar omkom i førre veke etter at han fall ned ein skrent på 500 meter i Hurrungane i Jotunheimen.

Ulykka skjedde onsdag ettermiddag 15. mai, og det blei sett i verk redningsaksjon med helikopter. Mannen var i live då han blei henta av ambulanse. Laurdag blei det kjent at mannen døydde av skadane han fekk.

Sogn Avis melder at namnet no er frigjeve i samråd med dei pårørande.

Det var Ruben Kvalsøren (47) som omkom i ulykka. Kvalsøren var busett i Luster kommune.

Skiløpar døydde etter å ha falle ned skrent


Artikkeltags