Buss og bil i trafikkulykke i Luster

LUSTER: Ingen blei alvorleg skadde i klollisjonen.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder måndag klokka 13.45 om eit trafikkuhell mellom ein bil og ein buss i Marifjøra i Luster.

Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, men helsevesenet rykte ut for å ta seg av føraren av bilen, som blir meldt å vere i 80-åra.

Det var ei stund manuell dirigering på staden, men klokka 15.26 melde Vegtrafikksentralen at staden var rydda og at det igjen var fri ferdsel på strekninga.


Artikkeltags