Stort steinras over turstien til Nigardsbreen – turistar måtte søke dekning

RAS: Måndag ettermiddag gjekk det eit ras ved Nigardsbreen i Luster.

RAS: Måndag ettermiddag gjekk det eit ras ved Nigardsbreen i Luster. Foto:

LUSTER: Alle naudetatar, dykkarar og hundar rykte ut til Nigardsbreen måndag ettermiddag etter meldingar om ras.

DEL

To danske turistar måtte søke dekning då det gjekk eit større steinras ved turstien inn til Nigardsbreen.

Det skriv Sogn Avis.

Dag Inge Gjesdal på Alarmsentralen sa til Firda litt over klokka 14.00 at brann, ambulanse, politi, luftambulanse, redningshundar og -dykkarar vart kalla ut til staden. Raset var meldt klokka 13.16.

– Dei danske turistane er henta ut med luftambulanse, og to andre som var i området, gjekk ut sjølve. Aksjonen er no avslutta, fortalde Gjesdal til Sogn Avis klokka 15.20.

Ingen trong medisinsk assistanse.

Artikkeltags