Opp til 100 meter stort jordras har gått i Luster

RAS: Slik ser rasstaden ut frå lufta.

RAS: Slik ser rasstaden ut frå lufta. Foto:

LUSTER: Ingen tatt av raset. Ein anleggsveg er delvis riven vekk.

DEL

Eit større jordskred har gått over ein anleggsveg mellom Stølsdalen og Nørdstedalseter i Fortunsdalen i Luster. Det melder Vest politidistrikt klokka 09.33.

Raset er mellom 50 og 100 meter breitt, skriv politiet. Ingen menneske er tatt av raset. Hydro er på veg til rasstaden med helikopter.

Delar av anleggsvegen på staden skal vere riven bort, ifølge politiet.

Luster kommune er orientert, og Vest politidistrikt melder klokka 09.54 at politiet ikkje sender patrulje til staden.

Hydro Energi eig vegen, og dei vil stå for skilting og eventuell sperring av vegen. Det er også dei som vil følgje opp vidare med tanke på eventuelle utbetringstiltak.

Artikkeltags