Trafikkuhell på fv. 55 i Luster - bil stod i fare for å vippe utfor vegen

LUSTER: To barn og ein vaksen vart redda ut.

DEL

Klokka 16.45 melde Vegtrafikksentralen at det har skjedd eit trafikkuhell på fv. 55 mellom Gaupne og Skjolden. Uhellet skal ha skjedd ved Nes kyrkje.

Det er manuell dirigering på staden. Naudetatane er på veg.

Vest politidistrikt melde kort tid etter at ein bil med tre personar stod på vippen til å falle utfor vegen. Sikringsarbeid var då i gang. 

– Bilen hadde 45 graders helling og låg på vippen til å ramle utfor. Personane som sat i bilen er no komen ut og er i sikkerheit. Bilen er sikra ved hjelp av ein vinsj. Vi er ikkje komne fram på plassen enno. Entreprenør er også på veg for å hjelpe til, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen klokka 17.00.

I bilen sat ein vaksen og to barn. Brannvesenet var dei første på skadestaden. Dei fekk melding om ulukka 16.30 og var på plass fem minutt etter.

– No har vi sikra bilen og fått ut personane. Ingen har kome til skade, heldigvis, seier Terje Birkeland på Alarmsentralen.

Kva som er årsaka til ulukka er førebels ukjent.

Litt for klokka 18.00 var vegen open for fri ferdsel att.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags