Fem personar gjekk seg vekk under fjelltur

DEL

SISTE: Klokka 18.30 melde Vest politidistrikt at alle var nede, og hadde det bra. Dei får husly på Fortun i natt. Politi og leitemannskap har returnert.


Politi, Røde Kors og redningshelikopter frå Florø er på veg til eit turfølge på fem personar som har gått seg vekk under ein fjelltur i Luster.

Det er snakk om eit turfølge på fem personar i alderen 25–32 år, melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 15.46 laurdag ettermiddag.

Turfølget har gått seg noko vekk på Nosafjellet ovanfor Fortun. Personane er i terrenget rundt Nausanosi. Ingen av personane skal vere skadde, melder politiet.

Det var turfølget som sjølv varsla politiet om at dei hadde gått seg litt vekk:

– Det var noko snø og tåke og dei kom seg litt ut av kurs. Vi har hatt telefonkontakt med dei og det er ikkje panikk i andre ende. Dei er ved godt mot.

Klokka 17.20 melder politiet til Firda redningshelikopteret skal vere på plass i området om lag 17.30.

– Redningshelikopter skal gjere vurderinga i lag med Røde Kors og eventuelt klatrarar for å sjå korleis dei skal få personane ned, seier Kolltveit.

Personane i turfølget er godt kledd for dagsturen, men har ikkje overnattingsutstyr med.

Artikkeltags