Bil hamna i fjorden

I FJORDEN: Ein mann i 60-åra kom seg ut av bilen etter ulykka som skjedde i Luster natt til måndag.

I FJORDEN: Ein mann i 60-åra kom seg ut av bilen etter ulykka som skjedde i Luster natt til måndag. Foto:

LUSTER: Ein bil køyrde ut av vegen på fv. 331 og hamna i fjorden. Mann i 60-åra gjekk rundt 1,5 kilometer for å få hjelp.

DEL

Ein bil køyrde av vegen og hamna i fjorden på Sørsidevegen i Skjolden i Luster natt til måndag.

Føraren, som var åleine i bilen, kom seg ut og i land, melde Vest politidistrikt klokka 05.00.

– Ein mann ringde oss litt over 04.30. Han fortalde han hadde køyrt av vegen på fylkesveg 331 og at bilen hamna i fjorden. Han kom seg ut av og gjekk 1-1.5 km for å få tak i folk. Han verka oppegåande, men litt oppskaka over det som har skjedd. Politiet og ambulansen er på staden og snakkar med han. Dei melder om vanskelege køyreforhold der, opplyser operasjonsleiar, Dag Olav Sætre, klokka 06.05.

Litt før klokka 09.00 seier operasjonsleiar Per Algerøy at mannen hadde køyrt rett fram i ein sving. Mannen som køyrde bilen er i 60-åra.

Les også: Jan Kåre fekk ein uheldig start på morgonen, Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar  og Bil mot traktor i Gaular – naudetatane er på veg

Artikkeltags