Får over 700.000 kroner etter flaumen

FÅR PENGAR: Staten gir over 700.000 kroner til Luster kommune for kostnadar i akuttfasen, opprydding og utbetring av skadar etter flaumen i oktober 2018.

FÅR PENGAR: Staten gir over 700.000 kroner til Luster kommune for kostnadar i akuttfasen, opprydding og utbetring av skadar etter flaumen i oktober 2018. Foto:

Tidlegare har fylket fått millionar frå staten etter oktoberflaumen som råka Luster hardt. No opnar Monica Mæland igjen opp lommeboka.

DEL

– Flaumen i oktober i fjor gjorde store skadar i Luster. Då må storsamfunnet stille opp og ta ein del av rekninga.

Det seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Departementet betalar no ut over 700.000 kroner til kommunen. Grunna regnvêr og snøsmelting førde det til flaum i Oppland og Sogn og Fjordane i oktober 2018.

I Luster fløymde elvane i Fortunsdalen og Mørkridsdalen over sine breidder og gjorde store skadar. Mellom anna vart mange menneske isolerte og ein fjøs med 13 geiter vart tatt av elva.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 52 millionar kroner for utbetring av fylkesvegnettet etter flaumen. Men noko har bøndene måtta betale sjølv.

NRK melde tidlegare i år at bøndene måtte betale ein eigendel på 15 prosent fordi naturskadefondet ikkje dekka alt.

Uvêret skadde vegane i fylket for 100 millionar kroner. På to dagar var ti vegar stengde.

Artikkeltags