FC Barcelona er kunde – i fjor leverte selskapet 35 millionar i overskot

GJER DET GODT: Når vi likevel skapar gode resultat i eit av verdas dyraste land å produsere i, er det fordi vi har ei svært engasjert og kunnskapsrik gruppe med tilsette, seier dagleg leiar Tom Dyrdal.

GJER DET GODT: Når vi likevel skapar gode resultat i eit av verdas dyraste land å produsere i, er det fordi vi har ei svært engasjert og kunnskapsrik gruppe med tilsette, seier dagleg leiar Tom Dyrdal. Foto:

Bedrifta i Gaupne sette nye rekordar i både omsetnad og resultat i 2018.

DEL

– Dette er fjerde året på rad. Det at vi har klart å få solid vekst i både Norge og utlandet er heilt fantastisk.

Det seier dagleg leiar Tom Dyrdal i ei pressemelding.

Avery Dennison NTP hadde ein omsetnad på 184,6 millionar kroner i fjor. Resultat før skatt viste eit overskot på 34,8 millionar kroner.

Trykkeriet produserer, i tillegg til transfermerke, eigneutvikla råvarer til resten av konsernet. Aukande interesse for selskapets transfermerke globalt, gjorde at salet til søsterselskapa auka med 10 prosent samanlikna med 2017.

TRYKK: Avery Dennison NTP hadde ein omsetnad på 184,6 millionar kroner. Resultat før skatt viste eit overskot på 34,8 millionar kroner.

TRYKK: Avery Dennison NTP hadde ein omsetnad på 184,6 millionar kroner. Resultat før skatt viste eit overskot på 34,8 millionar kroner. Foto:

– NTP har ingen naturgjevne føresetnadar for å skape suksess i Sogn, og med tanke på logistikk er det ei ulempe å ha Gaupne som base. Når vi likevel skapar gode resultat i eit av verdas dyraste land å produsere i, er det fordi vi har ei svært engasjert og kunnskapsrik gruppe med tilsette, seier Dyrdal.

Overskotet skal brukast til å investere om lag 10 millionar kroner i ny produktutviklingsteknologi, og vidare 10 millionar på forsking og utvikling.

– Med det har vi gitt oss sjølv retten til å investere for framtida. No har vi meir moderne produksjon i Gaupne, og kan flytte fokuset på utvikling av tilsette og teknologi, seier Dyrdal.

Avery Dennison NTP

  • Produserer transfermerke som brukast til merking av sports-, arbeid- og profilklede.
  • Starta i Gaupne i 1988 og har i dag 130 tilsette fordelt på 11 nasjonalitetar.
  • NTP vart selt til amerikanske Paxar i 2002, som igjen vart kjøpt opp av Avery Dennison i 2007. Dei har rundt 26.000 tilsette i 50 land.
  • Det meste av produksjonen er til den norske marknaden, men dei har også stor eksport til kjende merkevarer som Adidas, Umbro og Nike. Dei er også eineleverandør til FC Barcelona, der dei leverer spelarnamn og nummer til alle offisielle drakter selt i heile verda.

Kjelde: Avery Dennison NTP

Artikkeltags