Påkøyrde hjortar og hastige bilistar

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Natt til fredag blei hard både for firbeinte og tobeinte.

DEL

Totalt blei fire hjort påkøyrde fredag kveld og natt til laurdag. To av dei ved Ljøsne i Lærdal på E16 og ein ved Fjøsne på fv. 55 i Luster. Det blei også påkøyrt ein hjort i Selje kommune på fv. 620 mellom Fløde og Lundebrekke. I alle tilfella er viltnemnda varsla.

Up gjennomførte natt til fredag laserkontroll på E39 ved Bringeland. Her blei det skrive ut 17 forenkla forlegg. Høgste målte fart var 106 km/t i 80-sona. Ein sjåfør blei meldt til politiet for prikkar, skriv politiet på Twitter.

Fredag blei sjåførane i Årdalstangen kontrollerte, her stod alt bra til. Sjåførane på Tønjum kom også fint frå det under ein trafikkontroll der 40 køyretøy blei kontrollerte. 

 

Artikkeltags