Harastølen får fire millionar til oppussing

FÅR PENGAR: Luster sanatorium vart bygd som sjukehus på grunn av den store utbreiinga av tuberkulose, og hovudbygningen stod ferdig i 1902.

FÅR PENGAR: Luster sanatorium vart bygd som sjukehus på grunn av den store utbreiinga av tuberkulose, og hovudbygningen stod ferdig i 1902. Foto:

Fylkeskommunen gir fire millionar kroner til Harastølen AS for å ta vare på kulturhistoriske verdiar på Harastølen i Luster i Sogn og Fjordane, som no skal byggast om til hotell.

DEL

Harastølen har stått til forfall i mange år, og det er eit stort arbeid som skal gjerast før bygga til det tidlegare sanatoriet kan nyttast til hotelldrift.

Tilskotet skal nyttast til å delfinansiere istandsetjinga av blant anna kapellet, overlegebustaden, reservelegebustaden, taubanebygget, hageanlegget, vaktmeisterbustaden og søsterhjemmet.

I tillegg skal tilskotet nyttast til å delfinansiere kostnadane ved å setje i stand trappegangar og biblioteket i hovudbygningen og arbeidsbrakkene utvendig.

Luster sanatorium vart bygd som sjukehus på grunn av den store utbreiinga av tuberkulose, og hovudbygningen stod ferdig i 1902.

I dag består anlegget av om lag 20 ulike bygningar med ulik funksjon og storleik. Felles for bygningane er at dei alle var viktige for drifta av sjukehuset og behandlinga av pasientane.

Istandsetjinga skal skje etter antikvariske prinsipp og meste mogleg av dei opphavelege og eldre materiala skal nyttast om att, heiter det i vedtaket frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ei investorgruppe arbeider saman med Tinfos AS for å setje bygningane i stand for å starte hotell på staden. Tidlegare har både Tinfos AS, Luster kommune og Norsk kulturminnefond gått inn med pengar i prosjektet, melder fylkeskommunen.

Artikkeltags