Mann omkom etter fall ved Mjølkedalsbreen

Artikkelen er over 1 år gammel

LUSTER: Ein mann omkom søndag ettermiddag etter ei fallulykke i Luster.

DEL

Vest politidistrikt melder søndag kveld om ei ulykke som skjedde søndag ettermiddag. Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.11.

Ein mann fall utfor eit fjell ved Mjølkedalsbreen i Sogn og Fjordane.

Mannen var på tur saman med dottera si, då han fall utfor fjellet.

Den omkomne er 60 år og busett i Oslo.

– Det var dottera som tok kontakt med AMK, som igjen tok kontakt med politiet. Vi sendte ein patrulje dit, og varsla hovudredningssentralen og det blei starta redningsaksjon, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.

Då luftambulanse var kome til staden, blei mannen erklært død etter kort tid, forklarer Halleraker. Korleis mannen hamna utfor ein fjellkant er førebels ukjent, seier han.

Artikkeltags