Dyr opprydding for grunneigarar i Luster

FLAUM: Slik såg det ut då gardar i Fortunsdalen vart overflaumde i oktober i fjor. I denne fjøsen sat 13 geiter fast.

FLAUM: Slik såg det ut då gardar i Fortunsdalen vart overflaumde i oktober i fjor. I denne fjøsen sat 13 geiter fast. Foto:

Av

Flaumen i Luster i Sogn og Fjordane i fjor haust gjorde stor skade på vegar og dyrka mark. Grunneigarane må ta store delar av rekninga for oppryddinga.

DEL

Private stølsvegar og vegar til beite som bøndene er heilt avhengige av, forsvann i vassmassane, skriv NRK.

Dei flaumråka bøndene får dekka mykje av naturskadefondet, men må betala ein eigendel på 15 prosent. Den samla prisen på oppryddinga kan bli på mellom seks og ni millionar kroner. Det gir grunneigarane ei rekninga på over ein million kroner, ifølgje kanalen.

Taksten frå naturskadefondet er ikkje klar, og grunneigarane veit derfor ikkje kor mykje dei får i erstatning. Men dei har ikkje tid til å venta på ei avklaring

– Me har ein sjanse til å bli ferdige til påske med det verste. Då får me sleppt dyra på beite til vanleg tid, og det er viktig, seier grunneigar og leiar i Luster bondelag Andreas Wiese.

Saker frå haustflaumen:

Alle 13 geitene redda med båt. – Fantastisk innsats av brannvesenet

Artikkeltags