Alle 13 geitene redda med båt. – Fantastisk innsats av brannvesenet

REDNING: Tre mann frå brannvesenet i Sogndal køyrde tre geiter i slengen med gummibåt, og redda alle 13.

REDNING: Tre mann frå brannvesenet i Sogndal køyrde tre geiter i slengen med gummibåt, og redda alle 13. Foto:

LUSTER: – Borna jublar.

DEL

Det seier Terje Valestrand, som er ein av dei 17 isolerte personane ved Bjørkehaugen gard i Fortunsdalen i Luster.

13 geiter var fanga på loftet av geitefjøsen, som ikkje er til å redde frå flaumen. Etter ein iherdig innsats av tre brannmenn frå Sogndal er alle 13 geitene redda med gummibåt.

– Det kom tre mann frå brannvesenet i Sogndal gjennom skogen. Dei ringde etter båt, og fekk ein liten redningsbåt med påhengsmotor. Dei tok tre geiter om gongen. Det var jubelstemning blant ungane her, dei har namn på alle geitene, seier Valestrand.

Brannvesenet blei sendt frå Sogndal fordi brannmennene i Luster hadde hendene fulle.

Valestrand meiner det var ein genistrek dei gjorde klokka 05 søndag morgon, då dei flytta alle geitene opp på loftet av fjøsen. Hadde geitene stått i førsteetasjen, ville truleg alle vore døde.

– Dette enda lykkeleg, seier Valestrand.

Det er Bente og Torkjell Sollesnes som driv garden og eig geitene.

REDNINGSAKSJONEN: Her ser ein brannvesenet i aksjon.

REDNINGSAKSJONEN: Her ser ein brannvesenet i aksjon. Foto:

Vennegjengen på 17 personar, inkludert born, er totalt isolert på Bjørkehaugen gard.

– Vi lid ingen naud, vi har både mat, drikke og straum. Men vasspumpa står under vatn, så vi må bruke bøtter og finne drikkevatn, men det er ikkje akkurat eit problem, seier Valestrand.

Dei er meir uroa for kor tid dei kan reise. Vennegjengen har tradisjon med å samlast på garden i september kvart år for å sanke sauar. Planen var å reise igjen søndag kveld, men det ser ikkje ut til å gå.

– Alt som heiter vegar er forsvunne under vatn, og vatnet stig stadig, seier Valestrand.

Artikkeltags