350 sauer flaumfaste i Luster

FLAUMEN: Sauene står fast lengst inne i Mørkridsdalen i Luster, utan å kunne bli henta heim til vinteren på vanleg måte.

DEL

Det skriv Bergens Tidende tysdag.

Grunnen til at sauene ikkje kjem seg heim er at den flaumstore elva i helga reiv med seg både 300 meter med sti – og ei bru. BT skriv at 100 av sauene enten må få ein ny provisorisk veg langs elva, eller bli henta av helikopter. 250 av sauene kan komme seg over fjellet, men må då gå ein lang og strabasiøs tur på 1300 meter høgde.

Til helga er det meldt snø i området. BT har snakka med ein av saueeigarane, Rune Fuglesteg, om fortel at sauene vart klipte for nokre veker sidan.

– Litt snø og kulde toler dei. Men vi er nøydde til å få dei heim att om ikkje lenge, seier saueeigaren til BT.





Artikkeltags