Harastølen hotell kan opne om to år

Foto:

Av

Det gamle sanatoriet Harastølen i Luster i Sogn kan opne dørene som hotell i mai 2021, dersom alt går etter planen, skriv Sogn Avis. Nesten heile finansieringa er i boks.

DEL

– Vi skal ikkje byggje eit luksushotell. Dette skal vera eit hotell folk flest skal kunne bruke. Vi legg også opp til uteaktivitetar, som konsertar, i hagen framfor hotellet, fortel ein av investorane, Terje Svindland, til avisa.

Investoren seier at vel 90 prosent av finansieringa på 40 millionar i første byggjesteg no er på plass. Planen er å koma i gang med arbeidet i vår. Hotellet skal utgangspunktet berre ha sommardrift. Bygningen har ein kapasitet på 90 hotellrom.

Formannskapet i Luster har stilt seg positive til å gje hotellprosjektet eit lån, dersom prosjektet er nær ei fullfinansiering.

Lyster Sanatorium vart etablert i 1902 som eit tuberkulosesjukehus for Vestlandet. Sanatoriet, med 5.000 kvadratmeter bygningsmasse, var i drift fram til 1950-talet. Ein periode fungerte Harastølen som mentalsjukehus og asylmottak, men har dei siste åra stått tomt og bygningen er prega av forfall.

Svindland seier dei vil ta vare på historia til bygningen og området rundt.

Artikkeltags