Fjøs med 50 sauer brann i Gaupne

LUSTER: Brannvesenet frykta spreiing til bustadhus. No er brannen sløkt.

DEL

Klokka 11.50 melde Vest politidistrikt at det brenn i ein fjøs i Gaupne i Luster.

– Vi er nett komne fram til staden. Vi har førebels ikkje heilt oversikt over situasjonen. Vi kjem tilbake med meir informasjon, opplyste Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

– Brannvesenet jobbar med å få kontroll. Det skal vere ca. 50 sauer i fjøset. Nokre er allereie blitt redda. Det skal vere fare for spreiing til bustadhus, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt klokka 12.00.

AMK var også på staden, opplyser politiet.

Klokka 12.16 opplyste politiet at brannen er sløkt og at alle dyra er redda ut.

– Då det tok til å brenne var det 109 sauer inne, så det var kritisk ei stund. No er vetrinær på veg for å sjekke dyra, seier Øvrebotten på Alarmsentralen.

Brannen starta på ein yttervegg. Det brann inne i veggen, men brannvesenet såg opne flammar. Brannvesenet fekk melding 11.41 og var på staden kort tid etter, seier Øvrebotten.

Klokka 13.30 melde politiet at alle dyra er tilsett av ventrinær. Alle dyra er i god form. Også bonden har fått helsesjekk. Også han har kome frå hendinga utan skadar.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags