Våren er høgtid for nabokranglar

ULOVLEG: Det beste rådet frå Huseiernes Landsforbund for å unngå nabokranglar, er å halde ein god dialog med naboen.

ULOVLEG: Det beste rådet frå Huseiernes Landsforbund for å unngå nabokranglar, er å halde ein god dialog med naboen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

USEMJE: Er du klar over at det ikkje er lov å klippe graset på søndagar ifølge helligdagslova?

DEL

Om du er pressa på tid er det laurdagen du må bruke på grasklipping, motorsaging eller liknande.

Det skriv Huseiernes Landsforbund i ei pressemelding.

– Lova om heilagdagsfred er ei lov som politiet er sett til å handheve, så du kan risikere både åtvaring og bot dersom du blir teken på fersken med grasklipparen, uttalar distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund, Jan Erik Mardal.

Bruk folkeskikk

Mardal meiner det meste ordnar seg om naboar pratar saman om ting og brukar normal folkeskikk.

– Dei fleste skjønar at det er dårleg stil å starte grasklipparen når naboen sin konfirmant skal feirast på terrassen i huset ved sidan av, seier Mardal.

Men nokre nabokranglar når heilt til rettssystemet.

– Naboar kranglar om så mangt. Klassikaren er usemje om tre, busker, hekk, mur, gjerde og tomtegrense. Vegrettar og trampoliner er også kjelder til usemje, seier Mardal.

Snakk med naboen

Sjølv om naboen sitt tre skuggar irriterande mykje for sola eller gjev deg ein heftig allergi, ber Mardal folk om å ikkje ta lova i eigne hender.

– Snakk med naboen, dei aller fleste kjem til semje dersom dei slår av ein hyggeleg prat i ny og ne. Sjølv om det kan vere freistande å ordne opp sjølv når naboen ikkje vil samarbeide om ei løysing, bør du ikkje finne fram øks og motorsag. Du risikerer då faktisk store kostnader dersom du tek lova i egne hender. Vi har fleire døme på naboar som har måtte betale fleire hundre tusen kroner i erstatning for ulovleg felling av tre. I tillegg kjem sakskostnadane.

Her kan du lese reglane for heilagdagar og nabolova;

Lov om heilagdagar og heilagdagsfred:

  • Lova sitt føremål er å verne om det gudstenestelige liv og den allmenne fred på heilagdagar.
  • På heilagdag frå klokka 00 til klokka 24, samt påske-, pinse- og julaftan etter klokka 16, skal det vere heilagdagsfred som ingen nokon stad må forstyrre med utilbørleg larm.
  • Følgande dagar er heilagdagar:

a) Vanlege søndagar

b) Nyttårsdag (1. januar)

c) Skjærtorsdag (siste torsdag før første påskedag)

d) Langfredag (siste fredag før første påskedag)

e) Første påskedag (første søndag etter første fullmåne som inntreff på eller etter 21. mars)

f) Andre påskedag (første måndag etter første påskedag)

g) Kristi Himmelfartsdag (sjette torsdag etter første påskedag)

h) Første pinsedag (sjuande søndag etter første påskedag)

i) Andre pinsedag (første måndag etter første pinsedag)

j) Første juledag (25. desember)

k) Andre juledag (26. desember)

Nabolova sine reglar om tre:

  • Nabolova § 3 har reglar om når tre er ulovlege. Treet må vere til skade eller særleg ulempe. Skaden må vere påviseleg, til dømes at skuggen frå treet gjer at plantar veks dårleg eller døyr, eller at treet er skada og kan falle ned over hus og menneske. Særleg ulempe betyr at ulempa klart må overstige bagatellnivået. Ulempa kan bestå i nærmast kva som helst, frå skugge for sol og hinder for utsikt, til forverra allergiplager. Treet må stå nærmare hus, hage, tun eller dyrka jord på naboeigedom enn 1/3 av trehøgda.
  • Er det nemneverdig om å gjere for eigaren at treet blir ståande, så skal det stå. Kravet er ikkje veldig strengt, men ein må kunne dokumentere ein nytteverdi av treet. Det må til dømes gje ly for ver og vind, eller skjerme for innsyn. Det kan også vere estetiske eller affeksjonsmessige årsaker til at det skal bli ståande.
  • Dersom situasjonen for trea ikkje er omfatta av § 3, kan ein vise til den generelle regelen i nabolova § 2. Den gjeld all slags aktivitet på eigen eigedom, også tre. Veldig kort går den ut på at ein ikkje må føreta seg noko på sin eigen eigedom, inkludert det å ha tre, som er til urimeleg eller unødvendig skade eller ulempe for naboen.

Artikkeltags