Fekk du med deg dei mest lesne sakene i år?

MIKS: Blant dei mest lesne sakene på firda.no i 2018 er det ein miks av ulike tema.

MIKS: Blant dei mest lesne sakene på firda.no i 2018 er det ein miks av ulike tema. Foto:

LESARFAVORITTAR: Ingvild (39) som måtte sjå farens livsverk bli tvangsseld, jegertvillingen som fann kjærleiken i Sunnfjord og forskjellane på kva folk tener ulike plassar i Førde er dei mest lesne sakene i 2018. Sjå topp 20-lista her.

DEL

Blant sakene som er publisert på firda.no i løpet av 2018, er det garantert ein del du ikkje har fått med deg. Nokre saker var det fleire som viste interesse for enn andre.

Kjærleik, dusteparkeringar, sterke historier om menneske, butikkar og samlingsstader som forsvann og tilbod som provoserte:

Dette var dei mest leste pluss-artiklane på Firda.no i 2018:

Nummer 1: Faren sin draum vert tvangsseld

I desember skreiv vi om at far til Ingvild (39) vart sjukt og døydde før han fekk sjå livsverket bli ferdig, og at dottera no må finne seg i at selskapet hans blir tvangsseld:

Nummer 2: Jegertvilling fann kjærleiken

At jegertvillingen Johanne Thybo Hansen hadde funne kjærleiken i Sunnfjord og flytta til Førde, var det veldig mange som ville lese meir om:

Nummer 3: Éin av fem her er millionærar

Nokre stader i Førde har folk meir pengar enn andre. I november skreiv vi om at ein av 17 som bur i området nær sjukehuset tente over ein million i fjor, mens éin av fem hadde millionformue:

Nummer 4: 96 døgn ned til det djupaste mørket

Historia om 17 år gamle Amalie Os Mallasvik rørte mange. Ei historie om frykta for å døy og for å bli gløymt. Og om alle dei rundt henne som aldri vil la det skje:

Nummer 5: Fekk beskjed om at dei kunne miste heimen

– Vi er heilt i sjokk. Det er nesten traumatisk, heile greia, sa Sissel Iren Skjerdal til Firda i august. Ho og sambuar Daniel Nordstrand hadde då fått ein e-post frå kommunen om at dei kunne ende opp med å misse både huset og garden:

Nummer 6: Dette synest folk om overnattigsstadene

Kva meiner folket om overnattingsplassane i fylket? Det undersøkte vi i august:

Nummer 7: Sikra seg småbruk med strandsone

Marièl og mannen Martin kjøpte seg eit småbruk med 70 meter strandlinje, naust og støyl. – Eg vart så overraska! Eg trudde ikkje vi skulle få den, sa Marièl til Firda i september:

Nummer 8: Irena gifta seg med Kristine

Då bestemora høyrde at Irena var saman med ei kvinne, blei Irena fortalt at ho ikkje var barnebarnet hennar meir. No har ting snudd. I september gifta ho seg med kvinna i sitt liv:

Nummer 9: Kjøpte TV, men måtte betale ekstra for skikkeleg bilde

Saka om Sindre Roska som kjøpte TV på Elkjøp, engasjerte mange. Då han skulle betale, viste det seg at han måtte ut med 995 kroner ekstra for å få skikkeleg bilde:

Nummer 10: Joar gjekk nesten glipp av 150.000

Joar Sæther var nær å gå glipp av 150.000 kroner på nattope i november:

Nummer 11: Over for Bunnpris

I januar kom nyheita om at det var over for Bunnpris i Førde og at dei ni tilsette der mista jobben:

Nummer 12: Desse under 30 år tente mest

Caroline Helle (25) gjekk til topps på inntektslista i Førde blant dei under 30 år. I november skreiv vi om ho og Dag Håkon (23) som låg på inntektstoppen i Gloppen – og presenterte dei under 30 som tente mest og hadde mest i formue i fylket i 2017:

Nummer 13: Stod bom fast på parkeringsplass

Irriterande parkering engasjerer! Saka om Jarle Kirketeig som blei ståande bom fast på grusplassen ved Amfi i Førde trefte mange:

Nummer 14: Flytta nesten inn på hytta

Hyttekjøp er i vinden: I juli skreiv vi om at det aldri før har vore seld så mange fritidsbustader. Ottar og Trine var så nøgde med sitt hyttekjøp at dei nesten hadde flytta inn der:

Nummer 15: Fire bilar parkert under vatn

I august sperra folk opp auga då fire personbilar plutseleg stod under vatn i Førdefjorden:

Nummer 16: Graverande funn hos Coop-bakeri

Bakeriet som tok over for Naustdal Dampbakeri i 2017, blei i oktober stengt på dagen – etter graverande funn:

Nummer 17: Drakk gravøl for pub'en

I april var det over for Pub'en på Førde Hotell, noko stamkundane gjennom 25 år synest var veldig trist:

Nummer 18: Caroline (24) starta interiørfirma

Caroline er berre 24 år, men i april starta ho både firma og nettbutikk:

Nummer 19: Roger: – Beste parkeringa eg har sett!

Igjen: Parkering engasjerer. – Heilt utruleg! sa Roger Solheim om parkeringa han såg utanfor Elvetorget i Førde i desember:

Nummer 20: Fekk sjokkrekning etter bombrikke-endring

– Eg har i grunnen stilt meg nøytral til bomringen, og før har det ikkje brydd meg. Men når systemet dei legg opp til ikkje fungerer og det går ut over forbrukarane, då blir eg irritert, sa Jørgen Hjelmeland (32) til Firda i november.


Artikkeltags