Seint måndag kom det ut ei melding om at ein mann frå ein institusjon i Sogndal, var sakna i området.

Vedkommande var tynt kledd, med blant anna ein dongerishorts på seg, og det var sett inn både redningshelikopter og store bakkestyrker i søket etter han måndag.

Tysdag er det endå større ressurser som er i gong.

– Politihelikopteret er komme til staden. I tillegg er der ti frå Røde Kors, 14 personar frå sivilforsvaret, to i brannvesenet, samt ein redningshund som deltek i søket, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø, Olaug Holme, til Firda.

Ho fortel vidare at dei søker i eit variert terreng.

– Det er eit vanskeleg terreng, med skog, veg og elvar. Vi har ikkje gjort nokon funn som seier noko om kvar vedkommande er enno. Vi har heller ikkje motteke tips frå publikum, seier Holme.

Politiet ønskjer tips frå folk som kan ha sett vedkommande. Dei kan ringe 02800.