Leiteaksjon etter mann i fjellområde i Sogn

Mannen har gått seg vill i fjellområdet i Aurlandsdalen.

DEL

Klokka 11:29 melde politiet på Twitter at ein mann har gått seg vill i Sogn. Mannen skal vere i 70-åra, og skal vere ein plass aust for Østerbø Fjellstove.

Politiet har vore i kontakt med mannen, men han veit ikkje sjølv kvar han er. Dei fekk vite om situasjonen klokka 08:47 i dag. Mannen skal vere uskadd.

Stein Runar Halleraker er operasjonsleiar. Han fortel at mannskap frå Aurland Røde Kors går manngard i fjellet for å finne mannen.

– Han er av utanlandsk opphav, og vi prøver å lokalisere han ut frå hans beskrivingar av området han er i.

13.08 meldte Hovudredningssentralen i Sør-Norge på Twitter at eit helikopter er på veg for å hente opp den sakna turgåaren.

– Han er lokalisert av leitemannskap på bakken, så dei står no og ventar på å bli henta. Han skal ta ein sjekk med legen i helikopteret, men det verkar som han er i god behald, fortel Kjetil Hagen, redningsleiar i HRS Sør.

Artikkeltags