- No har vi sperra av området, seier innsatsleiar Øyvind Olsen i politiet til Firda.

- Det gjer vi for å beskytte eventuelle spor. Går det sivilistar inn i området no, kan dei sette av luktspor som kan forvirre hundane som blir brukt i søket, seier Olsen.

Han seier politiet har fått mange tilbod frå sivilistar som tilbyr seg å hjelpe til i leiteaksjonen, men dette vil dei førebels avvente.