Dement mann (88) funne i god behald - sakna i eitt døgn

Artikkelen er over 1 år gammel

HORNINDAL: Mannen er no funne i god behald etter leiteaksjon.

DEL

Politiet fekk melding klokka 15.51 tysdag om at ein dement mann var borte frå ein institusjon i Hornindal. Han hadde truleg vore borte sidan måndag kveld klokka 23.00, skriv Vest politidistrikt på Twitter klokka 18.55 tysdag.

Personen er i stand til å ta seg bra fram, og skal ha normal kroppsbygging, vere om lag 160 cm høg, ha lyst/grått hår og vere delvis skalla. Han er iført blå boblejakke, lys bukse og lyse joggesko.

Leiteaksjon

Politipatrulje er etablert i Helse- og sosialsenteret i Hornindal, og det er no kalla ut mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder som etter kvart vil ta del i leitinga, melder Vest politidistrikt klokka 18.58 på Twitter.

– Mannen bur på ein institusjon i Hornindal. Han blei sjekka av heimesjukepleia i går kveld i 22-tida. Då dei kom på besøk igjen rundt klokka 10 var han vekke. Så han kan ha vore borte frå klokka 23.00-tida i går kveld, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Mannen er no komme til rette i god behald. Han blei funne i ein bygning 2–3 kilometer frå institusjonen, melder Vest politidistrikt klokka 19.47.

Artikkeltags