Henta ut sakna kvinne med helikopter

Av

SVELGEN: Tysdag kveld var det leiteaksjon etter ei kvinne i 40-åra.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ei kvinne i 40-åra vart meldt sakna frå bustaden sin i Svelgen tysdag ettermiddag.

Ut på kvelden vart det sett igang leiteaksjon, og redningshelikopteret deltok i søk i eit bratt turterreng ovanfor Svelgen, melder NRK.

Vitne fortel til Firdaposten at helikopteret lyste i fjellsida på Sande og oppover mot Sandsegga.

Vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge, Bjørn Magnussen, fortel at kvinnar er kommen til rette, og at søket vart avslutta om lag kl. 20.15.

– Personen vart lokalisert i terrenget. Vedkommande blei heist opp i helikopteret og flydd inn til Svelgen sentrum, seier Magnussen til Firdaposten.

– Personen er ikkje skadd, men skal ha verka frisk og kjekk, og er blitt ei erfaring rikare, seier han.

Ifølge NRK var kvinna nedkjølt, og vart frakta ned til ein ambulanse ved idrettsbana.

Artikkeltags