Brot av lånevilkår ved Hayvard - igjen

BROT: Hayvard Ship Technology i Leirvik prøver å minimere effekten av brota.

BROT: Hayvard Ship Technology i Leirvik prøver å minimere effekten av brota. Foto:

Avisa Sysla skriv 25. oktober at verftsgruppa Hayvard varslar at dei på nytt har brote lånevilkår.

DEL

Hayvard Ship Technology sitt verft i Leirvik skal ha gått på to nye tap for prototype-prosjekt, skriv selskapet i ei børsmelding ifølge Sysla.

Sævik taper framleis mange millionar i Leirvik

Selskapet melde tidlegare i vår om større tap på prototype-prosjekta i Lervik, og opplyste i juli at det blei gjort endringar i lånevilkår. I dei nye låneavtalane skulle selskapet levere minimum 350 millionar kroner i eigenkapital og 75 millionar kroner i arbeidskapital frå oktober.

Årsaka til dei nye tapa skal ifølge Sysla og verftsgruppa vere auka timeforbruk etter forseinkingar i ferdigstilling av dei nye skipa. Nye planlagde leveringstider er sett til november og desember i år.

Selskapet vil frå fjerde kvartal vere i brot med lånevilkår om krav til eigenkapital og arbeidskapital, og levere eit svakare resultat enn forventa i tredje kvartal.

Hayvard skal vere i dialog med lånegivarane for å minimere effekten av brota på lånevilkår.

Artikkeltags