Par i slutten av 20-åra køyrde i eit tre – førar hadde 1,0 i promille

LEIKANGER: Ulukka skjedde like før klokka 22.00 torsdag.

DEL

AMK Helse Førde melde torsdag kveld om ei trafikkulukke på Sognefjordvegen i Leikanger. Alle naudetatane rykte ut.

Ein bil med to personar hadde køyrt i eit tre, og airbagane vart utløyst.

– Det var eit par som sat i bilen. Kvinna opplyste å ha smerter i brystet, medan mannen som køyrde bilen kom frå hendinga uskadd. Det vart tatt alkotest av førar som viste 1,0 i promille. Politiet kverrsette førarkortet på staden, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Passasjerane var begge i slutten av 20-åra. Kvinna vart sett til av lege, men det vart vurdert til at ho ikkje trengde vidare oppfølging. Førar vart tatt med for blodprøvetaking.

Vegen var stengd i ein periode som følgje av ulukka.

Bilen var ikkje køyrbar etter hendinga og vart henta av bilbergar. Politiet opprettar sak, opplyser Kolltveit.

Artikkeltags