Leiteaksjonen i Dalsfjorden held fram for fullt torsdag

HELD FRAM LEITINGA: Innsatsleiar Øystein Russenes seier at leiteaksjonen vil halde fram med same styrke også torsdag.

HELD FRAM LEITINGA: Innsatsleiar Øystein Russenes seier at leiteaksjonen vil halde fram med same styrke også torsdag. Foto:

Søket med miniubåt vil halde fram også torsdag.

DEL

– Leiteaksjonen i Dalsfjorden vil halde fram for fullt også torsdag. Miniubåten vil starte nye søk torsdag morgon, seier innsatsleiar ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Øystein Russenes.

Han seier vurderingar rundt leiteaksjonen vil bli gjort kvar dag.

– Eg har fått signal om at dei frivillige stiller mannsterke opp også i morgon. Leiteaksjonen held med andre ord fram på same nivå som i dag, seier Russenes.

Det er torsdag ei veke sidan ein 46 år gammal mann vart sakna etter å ha falle over bord i ein båt i Dalsfjorden.

Artikkeltags